Brann- og redningsskulen søkjer rådgjevar til kurs- og studieadministrasjonen. Er du god til å planlegge, strukturert og oppteken av god kvalitet, kan dette vera stillinga for deg! Som rådgjevar hjå oss, vil du få ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av administrative oppgåver. 
 
  Ansvar og arbeidsoppgåver   

 
Kvalifikasjonar   
Du må ha:   

   
Personlege eigenskapar:  

   
Me ønskjer at du har: 

   
Hjå oss får du 

  Om seksjonen og stillinga   
Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane. Stillinga er plassert i Eining kurs- og studieadministrasjon som har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan kurs- og studieadministrasjon og er navet i organisasjonen. Du vert ein del av eit kollegium på 10, og vil mellom anna sakshandsame opptak til både kurs og studium, medverke til gjennomføring av eksamen og utarbeide analysemateriale. I stillinga vil du samarbeide tett med andre rådgjevarar, leiarar og eksterne aktørar. 
 
Om Brann- og redningsskulen  
Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).  
  
Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.  
 
Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.  Les meir på heimesida til Brann- og redningsskulen.  
Kontaktperson: Einingsleiar Turid Teige, e-post turid.teige@dsb.no, mobil 990 43 958 
  
  
Offentleg søkjarliste  
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.   
   
Praktisk informasjon om søknadsprosessen  
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert vurdert. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.